Sider

torsdag 21. april 2011

If you're lost you can look, and you will find me


Med katten i armane og Eva Cassidy strøymande gjennom den mørke åra som går frå dataen til øyret mitt, gjennom dei mørke årene som pumpar blod til og frå hjartet mitt, gjennom dei mørke åra som eg har innsett ikkje er år men dagar, dagar og netter, dagar og netter som framleis veit kvar dei finn meg; er eg nesten der. Nesten der det kan nærme seg ei meining igjen. Ein grunn. Ein samanheng. Og eg ventar.

Og eg ventar?

Eg går gjennom doggvått aprilgras med skodde over fjorden, eg går gjennom bygater, eg går gjennom søledammar med blikket ned for å sjå meg sjølv i auga, i den spegelen er det ikkje plass til andre, eg beklagar, eg meinar det ikkje. Eg går gjennom netter og trakkar om att og om att det punktet i golvet som knirkar mest, kanskje fordi eg ikkje hugsar, kanskje fordi eg vil dei skal vakne. Eg listar meg i seng når dei vaknar. Eg går til strikken som er blikka deira ryk, eg går for å hamne i nokon sitt synsfelt.

Eg går til verdas ende og er tilbake til utgangspunktet.


6 kommentarer:

  1. du gir meg gåsehud, june.
    Eg går til verdas ende og er tilbake til utgangspunktet: nydelig.

    SvarSlett
  2. time after time.

    ...og det Charlotte sa! Gåsehud på sånn "dette er velskrevet"-måte! Gåsehud på sånn "selv om June ikke har funnet meininga (og det har forøvrig ikke jeg heller, så absolutt ikke) så har hun funnet ordene"-måte.

    Jeg har tenkt å ta opp nynorsken igjen neste semester. Så etter sommeren skal min spynorsk mordliste ligge pent i stabel med klær i kofferten. Og ja, det står spynorsk mordliste på den. Og nei, det er ikke lenger på alvor. Nå er det bare en nostalgisk og humoristisk påminnelse på ungdomsskoleliv og uvitenhet. Påska har nemlig gått med på å gnåle til småsøstrene om hvorfor de lærer nynorsk og at de må si til lærerne sine at det er det første som bør forklares! Så det så!

    SvarSlett
  3. Åh, dette var veldig vedig fint skrive!! :-)

    SvarSlett
  4. Ord som gir magisk meining i meg.

    Av alle ting les eg "Himmelske samtaler" no påska. Og det fell i hop med mykje anna som skjer. For livet handlar ikkje om å lære, det handlar om å leve det du veit du er. Og det er faen så vanskelig.

    Frykt og kjærlighet, dei kan ikkje eksistere utan kvarandre. Dualiteten kjempar i oss alle. Følelsane er den einaste rettleiar verdt å lytte til, for kun du veit kva du er og kva du vil.

    (shit vart litt djupt dette, men eg lar det stå. Er nok ei meining med det).

    SvarSlett
  5. Charlotte: Tusen, tusen takk. Du gjev meg gåsehud óg :)

    Anke: Takkar og bukkar til eg dett i golvet :) Likar nynorsk-planane! Du må stå på krava :)

    Ida Marie: Tusen takk skal du ha :)

    Hege: Veldig tusen takk! Dei orda du skreiv der var faktisk perfekte akkurat no; dei er lagra på dataen slik at eg kan ta dei fram igjen nårsomhelst.

    SvarSlett