Sider

lørdag 11. juni 2011

Sum

Håpar det er greit at eg legg ut bilete av tilfeldige finurlegheitar eg kjem over på livets veg mens eg ventar på å skulle klare å skrive igjen. Sjølvsagt er det greit. Det er jo min blogg.

Kunstpause.

Då eg kom tilbake til Bergen forrige søndag, fann eg ein død kveps i glaset mitt. Rett før eg skulle til å late den dale ned i buska utanfor (eg klarer aldri å kaste døde insekt i bosset, innbiller meg at dei har lettare passasje til dei evige jaktmarker om dei får kome ut att til elementa), tok eg til å studere den ganske så nøye.

Scary movie.

ADVARSEL: STERKE BILETE!
(Ah, fins ingen betre garanti for å få folk til å fortsetje).

Etter å ha sett det andletet der, kan eg trygt seie at eg aldri meir vil bli den same. (Ein same. Høhø.)

Men no tykkjer eg vi skal ta eit minutts stillheit og minnast kvepsen. Eller ein time. Eller ein dag.
Eg er fan av stillheit. Ikkje alltid, då.

7 kommentarer:

  1. Eg stemmer for eit års stillheit.

    SvarSlett
  2. Stillheit er fint, synd at eg masar så mykje.. No tek eg ein dags stillheit for den kvepsen.. nei det gjekk ikkje å skriva kveps for meg utan at det blei rart, vepps må eg skriva, vepps(no blei faktisk vepps endå rarare enn kveps...) Eg trur ikkje eg klarar ein heil dag forresten, men ei natt då, med mindre eg snorkar eller snakkar i søvne.

    SvarSlett
  3. Ble nok litt mer latter her enn stillhet. Men det var en fin veps, så langt jeg syns de kan være fine. Humler er hyggeligere. Jeg er lykkelig, men overtrøtt! Potter-billettene er MINE!!!! My own, my prezzzzzzzZZZZZZ.....

    SvarSlett
  4. sv:Det er meg det. Tusen takk <3

    SvarSlett
  5. Tenk å være stille et år. For en foruroligende, men likevel betryggende tanke.

    SvarSlett
  6. Stillhet er ikke første tanken som dukket opp i hodet mitt da jeg så dette bildet. HYL! åååh, liker ikke veps

    SvarSlett