Det er stygt å seie at eg er treig.
Du har gløymt å gratulere meg med namnedagen i dag.
Dagen byrja, lik så mange andre dagar i mitt syndige liv, med at eg tok bilete av meg sjølv.
For å forevige kjolen, som eg likar å snurre i, samt det faktum at eg for første gong i historia
For å forevige kjolen, som eg likar å snurre i, samt det faktum at eg for første gong i historia
omtrent var iført noko som kunne kallast høghæla sko. Som for øvrig øydela føta mine, men
det er ei anna rørande historie.
Deretter bar det av garde til Ina. Etter å ha gått langt og lenge og lengre enn langt saman med Stine,
og lytta til lyden av mine eigne hælar knase mot brusteinen, var vi omsider framme. Det vart
ein syttandemai-frukost med mykje hug, ljos, varme og von. Og venleik.
Sa eg kjærleik?
Sa eg kjærleik?
Ina og Stine.
Anke var der.
Ina var plutseleg på maskeradeball, sånn heilt for seg sjølv.
I toget. På dette punktet oppfordrar hælane mine til kollektivt sjølvmord av heile foten.
Men Stine var fin!
Rebecca var der óg. Det er ho som sit fast på tubaen.
Etter ei stund gav eg opp å ta bilete av det som føregjekk i toget. Eg er ikkje ein veldig høg person.
Men den som er lågt nede, ser fine ting på bakkenivå. Sa kjerringa.
Syttande mai i Bergen. Eventuelt ParaplyParade 2011.
Etter at føta mine hadde døydd, stakk eg opp til familie for sympati og rømegraut.
Her ser du søstera mi / frøken strøken / lady in red
Så let eg meg overtale av søskenbarn og tante til å verte med på tivoli.
Klok av skade bestemte eg meg på førehand om at eg ikkje skulle kome
heim om kvelden med nye hårete kompisar å ha i senga, slik som i fjor.
Men kva kan eg seie? Eg er berre eit menneskje.
Fann ut at dei kunne halde meg med selskap ved sofaryggen. Så gror eg i alle fall ikkje fast der åleine. Kva meir kan eg be om i livet enn å gro fast i ein mjuk tosetar i ei leilegheit i Bergen by saman med Snurre Sprett, mammuten Manny, ein delfin og to elefantar? Ingenting, skal eg seie deg; INGENTING!
Nei, det er ikkje skit på skjermen din. Dette er beviset for hysteriske hyl og foreldre som for seint famlar i lufta etter tråden som glir rett til vers i sakte film. Hundrevis av knuste barnehjarter i Bambi-, delfin- og elefantform, fylte av helium, over himmelen i Bergen denne dagen i mai.
Ser ut som du hadde en fin 17.mai :) Bildet av deg som holder lille babyen opp i lufta var helt nydelig! Ordentlig nydelig! Kan jeg lagre det på pc`n bare for å kunne smile av det av og til? Og så elsker jeg bildeteksten til det nederste bildet :D
SvarSlettEg set stor pris på at du er treig - og ikkje la ut dette innlegget før eg kom tilbake til Noreg - då eg hadde fått akutt supersakn om eg hadde sett det i Ghana. Eg unngjekk til informasjon alt som heitte data på 17. mai, for å sleppe å bli nasjonalistisk emosjonelt ustabil. Bortsett frå det: Dette var fint, og eg likar bilettekstane dine.
SvarSlettSå fint. Ser ut som ein fin 17.Mai. Og den kjolen din!!! årh, den var nydeleg :-)
SvarSlettTrine: Takk! Køyr på :)
SvarSlettSilje: Ingen årsak :) Då var det bra at eg var treig!
Ida Marie: Takk takk :)
Haha - elsket ParaplyParade 2001-bildet! TYPISK Bergen ;)
SvarSlettI like it! Juice-bildet av meg var gøy, pluss at det fikk meg til å innse at jeg har nok fjon til å lage en egen parykk. Beviset for at et liv uten medisiner er et hårete, dog lykkelig, liv!
SvarSlettIna: Haha, ikkje sant?
SvarSlettAnke: Tenkte eg ikkje på :P
For eit flott innlegg. Blei berre sittande å smile eg.
SvarSlettEg hengte meg litt opp i bamsane du vant på tivoli. Syntes den historia var så herlig. Og dei passe jo heilt supert i sofaen din. :)
Åå, så kjekt å høyre, Hege :)
SvarSlettFeiende flott kjole! Og høyhæla sko er så fint, men så vondt. Kanskje mer vondt enn fint.
SvarSlettFikk aldri heliumsballong, men det er nok ikke like vondt som først å ha fått en for så å miste den.
Takk! Heilt einig, defitivt mest vondt dersom ein ikkje er vant til å gå med dei.
SvarSlettNei, det må vere ytterst smertefullt å sjå dei segle av garde etter først å ha fått halde dei i handa.
FIN kjole! :D
SvarSlettDu har alt for fint hår!
SvarSlettsv: det er berre å ete mykje brokkoli, helst til alle måltid, så blir alt fint. da er det superlett å vera ærleg og klok!
Tusen takk! Haha, då skal eg køyre på med brokkoli frå no av ;)
SvarSlettJune: Takk! No trudde eg eit augeblikk det hadde byrja å klikke for meg, at eg hadde byrja å komplimentere eigne antrekk i eige kommentarfelt. Er ikkje så ofte eg møter på andre som heiter det same som meg :)
SvarSlettåjune, du er så himla fin. håper du er klar over det.
SvarSlettÅ <3 Så utruleg fint sagt.
SvarSlettsv: Tusen tusen hjertelig takk for så gode ord på et skummelt innlegg, det setter jeg pris på =) Klem <3
SvarSlettNå får du jo nesten meg til å begynne å gråte <3
SvarSlett