I midten av juli fekk pusen ein liten ein (ho har blitt så gammal no at dei siste kulla har begrensa seg til éin eller to små). Den vesle såg sine første dagar i stolen på rommet mitt her heime hos ho mor. Ganske så koseleg å legge seg med desse to koseklumpane kvar kveld, kan du seie.
Bite mamma i tåa litt. Ho som er så kry at ho med ei godmodig mine finn seg i alt.
Ingen suss å få der i gården, nei.
Men litt blikkontakt er ikkje å forakte. Så nysgjerring på den store verda, og dei store folka.
Du kan godt få lov til å seie "naaaw" no.
Dette blinkskotet her (om eg kan få driste meg til å seie det sjølv) er nok min favoritt.
Her ein kveld sovna den vesle til og med nedi nattkjolen min. (NAAAW!)
Kroppskontakt er tingen.
Då han/ho (vi veit ikkje enno) vakna, fekk eg ein suss likevel! Greit for meg, liksom.
Tusen takk til Linn Therese, som skal gje lisjepusen ein ny heim om ikkje så lenge. Blir ikkje så vanskeleg å skiljast frå den då, når eg veit den kjem til å få det så godt.
åhellandussen! SÅ FIN!
SvarSlettTror jeg dævver! Søthetssjokk!
SvarSlettDet er noko av det søtaste eg har sett på lenge!
SvarSlettÅ herlighet så fine pusa. Og herlige bilder. :) Blir jo heilt varm i hjertet av sånt.
SvarSlett