Sider

onsdag 10. august 2011

Men størst av alt er kjærleiken

I dag - eller rettare sagt i går då, sidan eg er så treig med å få publisert - ville mamma og pappa hatt bryllaupsdag. Har fått lov av mamma å legge ut dette biletet, som eg fann på loftet hos momma då eg var hos sistnemnde. Då eg fann det, vart eg sitjande å stire på det i fleire minutt. For som liten var det alltid dette biletet av mamma og pappa eg likte best, ikkje det offisielle bryllaupsbiletet (eg hadde sett dette i eit album). Og så fann eg det no, i den magisk fine ramma i tillegg. Så sa momma at eg kunne få det, og sånn ca to sekund etterpå vart eg travelt oppteken med noko i augekroken.



Så kom tanken til meg: Alt byrjar med kjærleik.
For det gjer jo det.

5 kommentarer:

  1. Du har så rett <3 finefine deg.

    SvarSlett
  2. Fine June og fine foreldre!

    Og veit du, mamma og pappa hadde nøyaktig samme bakgrunn på sine bryllupsbilder (i 1975). Samme fotograf vil eg tru. :)

    Og kjærlighet - sukk klissete og deilig og "all we need".

    SvarSlett
  3. Tusen takk <3

    Hege: Haha, mine foreldre gifta seg óg i 1975; i byen der du held til (av ein eller anna grunn), og ikkje her. Morsomt!

    SvarSlett
  4. Herlighet June, det der kunne vært deg! Kliss likens jo!

    SvarSlett
  5. Morsomt når folk seier det, for eg ser det ikkje :)

    SvarSlett