Sider

fredag 11. november 2011

Blanke ark

Kva passar vel betre enn å feire den mest homogene dagen i mitt liv når det gjeld tal (ja, eg snakkar sjølvsagt om 11.11.11, i likskap med alle andre ikkje-i-det-heile-teke-irriterande statusar på Facebook), med å bejuble vel blåst femvekers praksisperiode som informasjonsmedarbeidar i Carte Blanche, ved å - saman med to gode veninner - gå på forestillinga eg har hjulpe til med å promotere heile praksisperioden, samt oppsummere det heile i tidenes lengste setning på den ikkje-lenger-så-døde-bloggen?

INGENTING, skal eg seie deg!

God fredagskveld, eg skal feire den med tre timar samtidsdans, og den gode kjensla av å ha kome i hamn med noko som har kosta mykje, men gjeve så mykje meir.

Gler meg til å fortelje meir om mi tid som informasjonsmedarbeidar på landets nasjonale kompani for samtidsdans (herligheit så rart å seie).

Eg fekk T-skjorte og notatbok, i tillegg til to gratisbillettar til kveldas førestilling i avskjedsgåve. Hei hurra!

 Mitt vesle kontor dei siste fem vekene. Kjem til å sakne det, eg.

6 kommentarer:

  1. Så utrulig spennande, June! Carte Blanche liksom.
    Kos deg på forestilling. Gler meg til å høyre meir om dette. :)

    SvarSlett
  2. Flinke jenta! Du er en tøffing :-)

    Nina

    SvarSlett
  3. Fint å høre fra deg, og gleder meg til å høre mer om praksis. Spennende!

    SvarSlett
  4. og eg gler meg til å høyre meir om det, fantastiske June <3

    SvarSlett
  5. Så gøy! Og spennende! :) Gleder meg til å høre mer!

    (Og takk for fine kommentarer på bloggen min. Du er virkelig en skjønning<3)

    SvarSlett