Sider

torsdag 29. desember 2011

I like the sweet life and the silence. But it's the storm that I believe in.

Heftige krefter, kan du seie. Eg trudde vel ikkje heilt på dei som sa at Grotlesanden såg ut som eit katastrofeområde. Ikkje før eg gjekk ut dit sjølv då ein ny dag hadde komt, stormen hadde løya og straum og mobil var på plass att.





Følgjande bilete tok eg jo (og la ut her) nokre dagar før stormen:

Dette er det som er att:



Men nede på sjølve sanden, heilt nede ved havet, kunne eg kjenne meg att:


Det kunne eg imidlertid ikkje her:
  (SPOILER) Dette biletet er litt forrædersk, då denne kanten ikkje er høgre enn at eg kunne hoppe opp på den. Eg bøya meg ned då eg skulle ta biletet, for ekstra dramatisk effekt. Men før kunne eg jo ha rulla over på marka, då gjekk den jo i eitt med sanden.

Så sånn var det. 
Det mest hjarteskjærande er nyheitsreportasjene om eldre menneske som leitar etter flest mogleg minnegjenstandar å redde unna frå det som er att av husa deira. 

1 kommentar:

  1. Steike! Helt vanvittig! Jeg sov med pusekatten i armkroken den natta det blåste som verst. Han var ganske så urolig. Utrolig hva naturen kan gjøre...

    SvarSlett