Sider

torsdag 29. desember 2011

Jol

(Her er innlegget som eigentleg skulle publiserast sånn omtrentleg rundt julafta, men stormen ville det annleis)

God jul! Fekk jammen pynta rommet mitt her heime óg. Då fant eg mykje rart i tølane mine.
Om du lurte på korleis eit seks år gammalt peparkakehjarte ser ut, kan du herved slutte med det:
Om du lurte på korleis det lukta, så skal eg spare deg for akkurat dét.

Dette hjartet fekk eg av Lisa, som var ei av dei tre fabelaktige frøknene eg budde saman med første året på vidaregåande. Hugsar eg vart veldig glad for det (tydlegvis).

Men så... Desse her er laga av underteikna for skremmande kort tid tilbake.
Eg må vere den einaste som klarer å lage ein juleengel som er identisk med ho jenta i Exorsisten.

Eg har ikkje ord...


Men eg klarer no i alle fall framleis å dekke eit bord!
Det vart ein veldig triveleg julemiddag, der eg til og med smakte litt på ribba. Men over fire år som vegetarianer har ikkje gjort magen mildare stemt mot dei heftige greiene enn den var frå før, akkurat.

Pusen var som vanleg skeptisk til heile julegreiene.

Og så fekk vi (eller mamma, då) eit nytt familiemedlem i julepresang!
Har blitt glad i han fyren der allereie, eg.

Og det var den jula. Nøkkelen til suksess er verkeleg null forventningar.

6 kommentarer:

  1. tølane? Det var et Juneord jeg ikke hadde hørt før...Først trodde jeg du hadde funnet masse rart i tøflene dine :P

    Haha for hjertet og de mindre himmelske englene. XD

    Finfin nisse!

    SvarSlett
  2. hahahah!! eg vil ha ein slik engel! :D og gamle pepperkakehjarte er fælt (håpar du ikkje gjorde som meg, og smakte på det i tillegg).

    søt pus! vår låg i sofaen og var sosial heile kvelden, faktisk!

    SvarSlett
  3. Tenkte på deg når eg høyrte at Bremanger var uten forbindelse til omverda.
    Vi var heldige og hadde straum igjen etter 12 timer.

    Likte "etter stormen"-bildene dine kjempegodt og den nye nissen til ho mor er berre herlig. Og så englane då.
    Må være dei styggpenaste englane eg har sett. :)

    SvarSlett
  4. Du spiste det pepperkakehjertet, du.

    SvarSlett
  5. HAHAHAHAHAHAHAHA, dei englane! FANTASTISK!

    SvarSlett
  6. eg måtte le litt: så fine englar! spesielt den første.

    SvarSlett