Kom på at det var ei stund sidan eg hadde sjekka på statistikken kva ord og vendingar som ledar folk inn på ville vegar (altså kva søkeord som fører dei hit).
Etter å ha sett resultatet, har eg mista lysta til å gå inn i 2012.
Svart emo bakgrunn
Qué? Eg ser indigo.
Strykprosent på ex fac
Det går nok bra, skal du sjå.
Termodress 2011
Nei dessverre, men Runa har!
Bustete bryn
Ja, det har eg.
Vorte finger
Hey! Den forsvann då eg var elleve. Og skapte for øvrig store problem i blokkfløytespelinga på skulen, så pass deg for kva du rippar opp i her.
Eit augebryn
Eg vedkjenner at dei er litt bustete til tider, med det er då verkeleg to av dei.
Ingrid espelid forkle
Nei ikkje eg, men mamma har.
No I don't need a hand I'm the queen of the land
For eit samantreff, det trudde eg óg.
Bygdementalitet
I know.
Kul yin yang
Det er ein av livsmisjonane, ja.
Gyril dagen
Come again?
Hjerte i snøen
Jau, er no koseleg, dét.
Piknik ved sjøen
Bill.mrk.: "Desperat".
hahaha XD Jeg har også lyst til å finne ut av sånt...eller kanskje ikke :P
SvarSlettHAHAHAHAHAHAHAHAHAAHAHAHAH!
SvarSlettHahahhaha (y)
SvarSlett