Eg hadde ein draum. Det vil seie, eg og Runa hadde ein draum. Ein våt bergensdag i vinter sat vi og drøymde oss vekk frå regnvåt brustein og femtimars elveseminar (det stemmer, vi tek dette semesteret eit heilt fag via til litterære elver. Forstå det dei som kan). Plutseleg i samtalen kom det fram at vi bar på same draum i hjarta.
*Kunstpause*
Og den draumen
me bar på
var altså
... ein skitur!
Skikkelig skitur, forståss. Ikkje berre sånn ut i bakken-opplegg. Vi snakkar sovepose, appelsin, kvikklunsj, snø på alle kantar, oppe i høgda, nede på gradestokken, Severin Suveren - heile pakka.
Vi snakkar som følgjer:
Teikneleikar på toget. (Gløymte å nemne at vi fekk med oss fire andre fjols til fjells. Herlege!)
Eg gløymde òg litt at eg ikkje hadde hatt ski på beina på ti år, så det tok meg ein liten evigheit å få dei på meg, med svært tolmodige Runa ved mi side (ikkje ironi. Eg brukar altfor mykje ironi).
Det var fin stjernehimmel då vi kom fram til Finsehytta, etter ein heftig tretti sekunders skitur frå togstasjonen (vi snakkar TRE HUNDRE METER! Glad eg hadde meg nokre joggeturar i forkant) - og vi måtte sjølvsagt ut att med éin gong vi hadde spent av oss skia for å beundre den.
Mitt eminente digitalkamera har eit problem med mørke stader, og ser difor ting vi andre ikkje ser.
For eksempel ser det lyn der andre ser stjerner. Fint det òg.
Det var MASSE folk der første kvelden. Vi måtte sove på madrass i resepsjonen, til ein dyrare pris enn om vi hadde fått sovesal, slik vi skulle. Men kva gjer ein vel ikkje for å få sove inni intimsonene til ei mengd framande, prompande og snorkande menneske! (Eg høyres sarkastisk ut der, og det kan hende eg er det. Men berre litt i så fall, for alt ved denne turen var så ekstremt verdt det).
Meir teikneleikar, meir trimming av lattermusklane.
Skjønne Marte og Ingrid.
Suspekte Anke og sjæl.
At det var årets finaste helg veirmessig, gjorde det ikkje akkurat verre.
Vi burde ha kome i Guinness rekordbok for å ha oppfylt flest skitur-stereotypiar på kortast mogleg tid.
Reidun hadde det nok kjempekjekt med at eg skulle ta bilete av meg sjølv i solbrillene hennar heile helga.
Her fekk vi jammen med fjortisfotograferings-armen min i solbrillene til Reidun òg, i tillegg til sjæl i profil. Multitasking på G.
Endå meir teikneleikar.
Middagslur 1.
Andre natta fekk vi eige rom. Det var flotte sakjer. Så slapp eg å tasse rundt i resepsjonen i den gjennomsiktige stilongsen min absolutt heile tida (som om eg ikkje likte det). Det er forfriskande kor lite folk bryr seg om sånt når ein er på tur.
Skare-snø var eit lite minus, og gjorde at nokon (eg) sto meir horisontalt på ski enn vertikalt.
Men alle veit at det er kulast å sitje på huk ned lange bakkar.
Middagslur 2.
Draumen vår, Runa!
Han i bakgrunnen hadde dei tynnaste leggane Finse har sett.
Kva er vel tur utan hoppebilete? INGENTING, skal eg seie deg.
Pause i den siste dagsturen vi hadde.
... og på tilbakevegen.
Kule sprekkar som "lyste" blått (over eit vatn).
Togtuen attende...
Eg vart nostalgisk i same sekund vi steig inn i vogna.
Hadde forresten stor glede av å ta bilete av Reidun medan ho sov.
Tilbake i leilegheita, då eg sette frå meg tinga, kom studiekvardagen, mail-innboksen og bacheloroppgåva og gjorde bakhaldsangrep. Men eg plasserte eit solbrent og lukkeleg tryne i spegelen og sa: Dekk.
Gje meg resten av kvelden, i det minste.
Godt Skjult Løyndom: Det er i fjellheimen det skjer. Alt du søkjer, fins der.

Åh, så fint! Må komme meg til fjells, merker jeg.
SvarSlettPåskefint!
SvarSlettSå herlig. Ser ut som den finaste turen. :)
SvarSlettÅh så fint! Gode venner og bra tur, da blir det jo ikke bedre.
SvarSlettSå gøy! :) Finse er nydelig. Har syklet Rallarvegen der, uten tvil anbefalt det og
SvarSlettLikar det! :)
SvarSlettgode venner, ski og sol er knall!
SvarSlett<3
SvarSlettI ettertid ser det litt koselig ut at du har snapshot av meg mens jeg tar en turblund i sola, men der og da var det en smule creepy å våkne opp med et kamera i trynet :P
SvarSlettI ettertid ser det litt koselig ut at du har snapshot av meg mens jeg tar en turblund i sola, men der og da var det en smule creepy å våkne opp med et kamera i trynet :P
SvarSlettså herlig! og fineste tegningene da XD
SvarSlettAh, så glad eg vart av dette innlegget! <3
SvarSlettDette er SKIKKELIG skitur - med tog og overnatting og greier! WIIIII!
SvarSlett