Elskar jul! Og så langt er stemninga komplett, då eg faktisk har klart å pynte og vaske den første desember. Julespelelista på Spotify har fått køyrt seg i dag, altså.
I tillegg har vi julesnø her i Bergen. Blir aldri lei av å sjå på ungane som akar ute i den store bakken ved sida av her vi bur (og skal joine dei så snart forkjølelsen har takka for seg).
Årets julebok er lånt på biblioteket, og skal lesast på sengekanten når eg legg meg (noko eg burde gjort for minst to timar sidan)
Juleklemmene er på plass.
Trygve har òg pynta seg.
For å gjere det heile komplett, rigga eg og Stine oss til med te og dette, som er frå garden der eg jobba i sommar og hadde det så fantastisk. Dei spelte inn dette julebarnetv-et der (bonden er forteljar og alt!), og det vart kjøpt opp av NRK etterpå. Skjønar eg godt! Sjå det, og kom i stemning. Eg fekk det med meg på dvd som gåve då eg forlet garden i sommar, og har heile tida tenkt eg skulle spare det til første desember. Er glad for at eg klarte det, for filmen var perfekt til denne dagen.
Skal eg faktisk reise tilbake til garden (som ligg i Vestfold) no på onsdag, og gler meg som ein liten unge.
Det ligg an til å bli ei magisk førjulstid..!
God magisk førjulstid!
SvarSlettHerligherligherlig! DESEMBER!!!!!
SvarSlettÅåå desembergleden kribler i magen!
SvarSlettFinaste desember. Det er noko heilt spesielt med å komme inn på eit mørkt kjøkken og sjå lyset frå stjerna i vinduet og kjenne at dette er magisk.
SvarSlettHa ein strålande tur til gards. Og kos deg masse i desember. :)
Å, julestemning, så herleg <3 Elskar snøen i Bergen no, den er fantastisk! Har tatt masse bilder av den.
SvarSlettJulestemninga mi kjem og går, og no kom ho definitivt. Fint!
SvarSlett