Den til venstre: slitt, full av blekk, markeringstusj og ikkje minst korrekturlakk, og ein halv centimeter tjukkare enn den til høgre; glatt og full av kvite dagar eg enno ikkje anar kva som vil bli fylte med, trass i at eg så smått har byrja å fylle inn ord, planar, ønskjer.
Den til venstre: full av fine minner og nye verdenar i verda som opna seg for meg.
Den til høgre: kven veit? Alt eg veit er at eg ikkje gruar meg. Ikkje i det heile.
Minne frå ei jul:
Mommahender og nøgd pus.
Den lett brende nissefaren eg fekk av mamma då eg var sju og hadde spysjuka.
(For meg er han perfekt, og må fram kvart år. Om han så er det einaste eg tek fram
på rommet mitt heime, som i år).
Eg har tent lys for harde livet.
Og den beste vokalisten gjennom tidene har vore med på å lose meg gjennom dagane.
... medan pusen har mala bakgrunnsmusikk frå sin nye favorittposisjon:
lettare fastklemd mellom armlenet på stolen og låret mitt.
Ja, og så her er eg då.
Og her er 2013.
Straks.
No byrjar dei å skyte opp, så eg må utøve psykisk støtte til katten. Prækast.
Ønskjer alle eit magisk nyttår!
Godt nytt år, June. Dette blir heilt klart eit magisk år. Eg berre kjenner det på meg. :)
SvarSlettOg gode June, takk for fine ord. Det betyr meir enn du trur. :)
godt nytt år, fine fine du!
SvarSlettGodt, godt nyttår, Junis!
SvarSlettGodt nytt år! Ny kalender er en skikkelig god følelse.
SvarSlettGodt nyttår! :) Håper du får fylle den nye planleggeren din med mange herlige minner! :)
SvarSlettDu er fin! Og eg veit eg er litt seint ute no, men godt nyttår likevel :)
SvarSlett