Sider

mandag 7. januar 2013

Maaneskinsmøyane

Jordi søv i sitt Vinterlin
Bjørki den unge, rimkvit og fin,
stend som i Sylve skòri,
eller som bygd av Stjerneskin.


Jordi søv i sin Vinterblund.
Maanen lyser paa Himilrund.
Tusund av Diamantar
glimar um Grein i den frosne Lund.


Braakveikt blenkjande, straalerein
bivrar den Glitring um Kvist og Grein.
Det er liksom Lunden livde,
straadd med Perlur og Glimestein.


Stirande inn i den sylvblaa Glans
Veslemøy stend utan Hugs og Sans;
daa ser ho med ein Gong Møyar,
kvite Møyar som gjeng i Dans.


Kvite Møyar som gjeng i Ring;
stille sviv dei i Stìg og Sving.
Det er som ein Dans i Draumar
til Takt av stilslegt Sylvklokke-Kling.


Haare flyt i vallande Flaum
ned yvi Rygg som ein sylvgraa Straum.
Yvi dei bleike Vangar
Stjerne-Augo i stille Draum.


Tekst: Arne Garborg

10 kommentarer:

  1. For eit nydelig innlegg. Bildene kryp tett innpå.
    Det samme gjer teksten. <3

    SvarSlett
  2. Kjempe fint =)
    Likte det du skriver =)

    SvarSlett
  3. Sissel! Saknar deg. Tusen takk, jenta mi!

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Arne Garborg <3, skulle eg skriva! Og at eg gjerne skulle hatt litt av den snøen :)

    SvarSlett
  6. så fint. alt sammen. :)

    SvarSlett
  7. Så fine og stemningsfulle bilder! <3

    SvarSlett