Sider

torsdag 22. august 2013

But it's so hard to dance that way when it's cold and there's no music

Kvardagen kom fort. Men vil halde denne sommaren tett inntil brystet tida som kjem. Alt eg har sett, tenkt, menneska eg har vorte kjent med, all latteren, nærleiken til dyr og natur, alle dagane eg ikkje ville legge meg.

I byen hoiar togakledde fadderbarn, og eg kjenner at fem år på universitetet vil vere nok. Men ein må blomstre der ein vert planta, og eg har planta meg sjølv her. Dessutan er det så mykje magi her òg, eg må berre hugse kvar eg skal ha blikket.

Og medan sommaren lagar haust (og hausten vinter, vinteren vår, og våren ein ny sommar) høyrer eg på denne:



(Fekk høyre om dette skjønnaste tomannsbandet (dei er kjærestar òg!) av ei frå USA som jobba på garden då eg var der, og har sidan vore fortapt).

16 kommentarer:

  1. Dette var fint! Skikkelig fint. Lykke til med skule og by :)

    SvarSlett
  2. Så glad for nytt innlegg <3 Du er jo reneste sommeren du, June, du er sommer med alt du er og alt du gjør.

    SvarSlett
    Svar
    1. Herlighet, så god du er. Du anar ikkje kor eg skal gøyme på dei orda der <3

      Slett
  3. Eg slapp i alle fall å gå i toga. No går vi på same universitet, knis!

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, good for you!
      Oioi, tenk om vi ser kvarandre!

      Slett
  4. "Men ein må blomstre der ein vert planta, og eg har planta meg sjølv her."

    Livet kan ikkje beskrivast finare, June. Denne setningen skal eg aldri gløyme.
    Og den kjem garantert som sitat i lag med eit av bilda mine ein gong.

    Og lykke til med kvardagen framover. Min beit meg i ræva med skulestart for ungane, forsøk på å trene litt sånn fast og litt for mykje nytt på jobb. :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Fine Hege! Eg har lånt litt frå eit ordtak eg las ein gong: "Lykken er å blomstre der en blir plantet" - slik trur eg det var. Eg har altså ikkje opphavsrett! ;)

      Takk det same! Haha, feel you :)

      Slett
  5. Håper høsten din blir fin, og lykke til med alt sammen. Jeg heier på deg, som vanlig :)

    SvarSlett
  6. Å vere bønder i byen har heilt klart sin sjarm det òg ;) Ta med deg dei gode minnene, og så vakkert du skriv om å blomstre der ein er planta!

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, takk, kjære! Men sjå kommentaren ovanfor - eg har lånt litt frå eit ordtak!

      Slett
  7. Du er fin, og dette var fint, og den songen var nydeleg! :)

    SvarSlett
  8. Kvardagen feia meg av føtene i starten, men før eg visste ordet av det var den fylt med vakre augneblink like bra som dei eg hadde frå sommaren!

    SvarSlett
    Svar
    1. Å, så fint! Takk for at du sa det :-)

      Slett