Sider

mandag 29. juli 2013

Still crazy after all these years

I dag fyller eg 24 år, og det føles like rart ut å sjå skriftleg som å seie høgt. No er eg plutseleg ikkje lenger i starten av tjueåra, men i midten. Dersom eit eller anna skulle skje meg, ville det på nyhendene blitt "en kvinne i midten av tyveårene". Kven, eg? Lol!


Eg trur omtrent heile livet mitt har eg mislikt det å bli eit år eldre. Det er den same eg-forlet-noko-trygt-og-går-inn-i-noko-eg-ikkje-veit-kva-er-kjensla knytt til det som så mykje anna.

Men i fjor og i forfjor var det ikkje noko stress. Fredag 29. juli 2011 fylte eg nemleg 22 år, og fredagen før det sette alt i perspektiv. Plutseleg var det å få lov til å fylle 22 år, og seinare 23, hovudkjensla på bursdagen. Det har eg prøvd å bevare, og sjølv om den kjensla naturleg nok ikkje er like sterk som i dei ekstreme dagane, føler eg at eg så langt har lukkast (for det meste).

Men i dag vakna eg med antydingar til panikk. 24? Då er neste 25, og då er ein plutseleg like langt til tredve som frå tjue. Halvvegs. Då renn den siste halvdelen på, og så er ein der at ein tenke på barn og sånn (superlol).

Det hjalp litt å spørje seg sjølv: "Kva vil du då, eigentleg? Bli 20 igjen?". For ved tanken på det kjende eg same panikken. Kom på historia eg las om att og om att i Donald-blad då eg var mindre, om han som var tvinga til å oppleve same dag igjen og igjen og igjen, heilt til han gjorde det magiske rette som let han få skifte dato på kalenderbladet.

Tenk om eg ikkje skulle få lov til å bli kjent med meg sjølv som tjuefireåring, tjuefemåring og tredveåring? Det hadde no vore trasig. Og livet er jo uansett betre no enn då eg var 20. Og 21. Og 22. Så det er ingenting å vere redd for. Eg tek eit grått hår (som eg jamfør familiehistorikken vil få til neste år) i byte mot meir tryggleik i meg sjølv any day.

Nei, Junemor, du er akkurat der du skal vere: i stadig rørsle.

(Dessutan kjem eg til å klatre i tre heilt til den dagen eg ligg i grava. Eventuelt blir stoppa av fysikken. Men då kan eg i så fall bli ei sånn kul gammal dame med lilla hår som sit i gyngestol og bles bobler).

Kjøpte magisk blå orkidè til meg sjølv i bursdagsgåve.



11 kommentarer:

  1. Gratulerar med dagen! Eg smiler av blå blome og ler av sjølvironien din :D

    SvarSlett
  2. Ååå, gratulerer med dagen, søte.

    SvarSlett
  3. Fine June, gratulerer så mykje med dagen. Du er ei reflektert, klok og morsom ung løve! <3

    SvarSlett
  4. Jeg elsker deg! Det er ord jeg bare deler ut til deg og kjæresten! <3

    SvarSlett
  5. OK, så kjenner jeg meg litt gammel av dette innlegget, for jeg er jo plutselig i SLUTTEN av 20-årene nå snart. Men, så tenker jeg likevel, drit i det da, for det er selvsnakk som dette, det å snakke seg selv opp, som er bra. Bare registrere panikken, at den kommer, og så la den flyte videre.

    DU ER FIN (og savnet).

    SvarSlett
  6. Gratulerer med dagen som var, June! I stadig rørsle. Elsker det.

    SvarSlett
  7. Hurra hurra hurra for deg!

    SvarSlett
  8. For noen fine tanker omkring det å bli eldre! Gratulerer så mye med dagen som var!

    SvarSlett
  9. Tusen takk alle saman for ord til gamla som gjorde henne veldig, veldig glad!

    SvarSlett
  10. Hahaha, du er så fantastisk! Dine ord er magi :) Du kan trøyste deg med at eg alltid vil vere eldre enn deg ;)

    SvarSlett
  11. Å gratulerer med dagen alt for lenge på etterskot! Eg kjem ikkje til å kjenne meg noko eldre enn 20 trur på lenge eg. 24 er ein fin alder då!

    SvarSlett