Og så må eg få legge til at det var litt stas å høyre namnet sitt nemnt i same andedrag som Finn Tokvam og Halvor Folgerø, som òg har bidrege med tekst på plata, sidan dei er forfattarar av ei av mine yndlingsbøker, Tyl.
Eg er fantastisk heldig som har fått lov å jobbe med denne flotte personen og musikaren, få ei slik erfaring. Musikken hennar (Laila B Band går den under) kan du laste ned på iTunes, høyre på Spotify (og nokre på Youtube) eller kjøpe fysisk (plata) ved å sende ein mail til Laila; du finn mailadressa her.
Under er musikkvideoen til "Slå, mitt hjerte, slå", som er den eg har bidrege mest på. Synest videoen vart så fin! Og han som er skodespelaren traff eg på ein av kosertane her i Bergen, han var så triveleg og kom med godord til meg. Fekk òg helst på Tokvam og Folgerø og proklamert min udøydelege kjærleik til Tyl, det var òg veldig kjekt!
Men min personlege favoritt av songane er "Det blir bra på et vis", som eg har bidrege med nokre linjer til. Den skulle jo vise seg å bli svært så trøystande akkurat no.
Tusen takk til fantastiske Laila Beathe for at eg fekk lov til å vere ein liten del av dette!
Så utrulig kjekt June! Og nydelig sang og tekst.
SvarSlettForstår godt at ho ville ha deg med på laget sitt. :) Fekk dessverre ikkje med meg konserten ho hadde på Haavebua, og eg veit gjekk glipp av ei stor oppleving.
Kjempefin sang!
SvarSlettSå fint, så fint! Gratulerar :D
SvarSlettSå flink du er!
SvarSlettGratulerer, du er råbra!
SvarSlett