Sider

mandag 17. mars 2014

The wedding planners

I november var eg så heldig å få vere forlovar i bryllaupet til ei av mine beste veninner. Det var ganske så spesielt på alle vis, mellom anna fordi det var kombinert bryllaup og dåp, men ingen andre enn paret sjølv og fire-fem andre visste om at det ikkje berre skulle vere ein dåp. Dette hemmelegheitskremmeriet førte til mange artige opplevingar, som på morgonen då Mamma kom ned og skulle ha seg kaffi (vi skulle pynte oss hos meg) og nesten sette den i halsen då Michelle sto midt på golvet i brudekjole ("JUNÆ! OG DU SA'KJE NÅKE TE MÆÆÆG!"). Eller alle sine spørsmål om kvifor denne dåpen skulle vere på ein laurdag (Mamma: "JUNÆ, altså, ditta må du forklare meg, at dåpa ska vere på ein lørdag! Korleis forklarar du det?!").

Ah, good times.

Mimring tilbake til ei fantastisk helg:

Utdrikningslag på spa, i eit solariumsrom som gav ein imponerande illusjon av Syden. Sjukt rart å kome ut derfrå til novemberruskevêr. Men fy som vi kosa oss.
Sit fast i kjolen, sa brura. Men det gjekk bra til slutt.
Eg gugla meg klok på pliktene mine, og fann til dømes ut mykje nyttig om forlovar-survival kit.
Hjarte.
Luringane. Kjem aldri til å gløyme andletsuttrykka på folk då Michelle og faren plutseleg kom inn frå ei sidedør, bak dåpsfølget. Eg hadde i oppgåve å springe opp og setje fram bryllaupsstolane eller kva det heiter (dei kunne jo ikkje stå der frå starten så alle såg), så hadde fritt utsyn. Heilt, heilt uforgløymeleg. 
Tidenes kulaste bryllaupskake.
Og finaste brudekjolen; som skapt for bruda.
Henrien som var eksemplarisk fadder.
Ein må jo ikkje gløyme dåpsbarnet! Heilt uvitande om det heile. Goingen.


Sånn ser ein post-forlovar ut. Gjekk heim frå festen for tidleg; utlada av førebuing, hemmelegholding, talenervar, osv.

Er SÅ lukkeleg for at det vart ein magisk dag for brudeparet! Og takkar igjen for det ærefulle oppdraget.

6 kommentarer:

  1. Så fantastisk gøy!

    SvarSlett
  2. Wow, overraskelsesbryllaup! Så festleg :)

    SvarSlett
  3. Så kjekt då! Det er ei ære å få være forlovar. :) Og du var ein veldig fin forlovar og holdt nok ein strålande tale.

    Må nesten fortelle om den gongen eg var forlovar. Eg var den einaste som skulle holde tale, for det måtte jo den elendige toastmasteren fortelle meg. Eg røykte meg gjennom heile middagen (aner ikkje kva som var på menyen) og var supernervøs. Når det endelig var tid for tale så las eg den så fort at eg trur eg var den einaste som fekk med meg innhaldet. Heldigvis holdt brudens far ein uanmeldt tale etter meg og den var mykje meir minneverdig enn min. :) Dette er jo sjølvsagt tusen år siden og eg røyker ikkje lenger og trur eg skulle klart meg bedre i dag. :)

    SvarSlett