Sider

onsdag 13. august 2014

Augeblikk

1.
Då alle sat i lotusstilling der på platningen under Stoltzenyoga, i regnjakker, med lukka auge og pusta inn og gav slepp på utpust som berre dét, og himmelen plutseleg opna seg noko heilt vilt. Veit ikkje om eg har opplevd så heftig regn før - og vi måtte jo berre sitje der, ingen ville bryte bandet som ligg om nokon som trenar i lag, vere den første til å feige ut, bryte sirkelen og trekke til seg merksemd, og det var jo ikkje nokon skikkelige stader å søke ly heller. I staden byrja alle å le, og synet av det store smilet til instruktøren som sat i midten av sirkelen, medan regn blanda seg med svette og sila ned langs andletet mitt.

2. 

Kompis si skildring av yr på Facebook-chat: Liker ikkje yr, blir sånn semi merkelig våtish uten å bli våt før man er søkkvåt etter å ha vært der i en evighet, jeg blir så forvirret av yr :S

3. 
Då eg gjekk heim frå lesesal, etter å ha jobba seks timar, sove tre, og var så ullen og fjern og det var sånn vind som passa til det, og som virvla opp alt. Ved Johanneskyrkja hadde det kome lauv på bakken av stormen frå gårsdagen som dansa i spiralar oppover, og eg vart berre ståande og glo, var så sjukt fint. Men etter fem sekund følte eg at eg burde gå vidare, inn i bana til dei rundt meg som skulle stader, unngå at dei såg at eg sto der og såg, men eg skulle jo berre heim, og kva kunne vere viktigare enn dette, var det ei kjent indre stemme som sa, den håplaust romantiske, eller noko sånt. Og akkurat då den tanken var tenkt så var eg inne i spiralen og det var eit slikt fint Pocahontas-moment for ein arm tjuefemåring i masterinnspurt, før verda slo ned att og eg slutta å vere Pocahontas, og var berre ein arm tjuefemåring i masterinnspurt.

4. Å gå over Torgalmenningen kvart på elleve om kvelden etter å ha sett den nyaste Woody Allen-filmen (som eg forresten ikkje likte. Typisk meg - sikkert den einaste på planeten som ikkje likte Black Swan heller. Aldri skjønt greia med for mykje raritetar utan samanheng, for mykje prat og raude trådar som blir kasta ut og som ryk med éin gong), og det byrja å regne, og alle sprang til ly, men eg likte å gå der, sjølv om vart klissvåt. Føle meg utanfor eit eller anna - blir aldri ferdig med den kjensla - med Taylor Swift (you heard me) på Mp3-en, fadderveke-fyllerop langs hustaka. Men det var ikkje berre meg, det var ein annan der òg, ein ungdom i eit heilt spaced out antrekk som dansa med tilsvarande spaced out rørsler heilt for seg sjølv, midt på plassen, og det gjorde meg så lukkeleg.

(No gjekk det opp for meg at tre fjerdedelar av denne lista handlar om nedbør, den resterande fjerdedelen om vind. Det lovar godt for den komande bergenshausten).

2 kommentarer: