Som alle enkle menneske
er eg samansett.
Som alt samansett
er eg på grensa til oppløysing.
Har sett sola kvar morgon i eit halvt hundreår
i brøkdelen av eit sekund
skimta dei vakre byane som sviv gjennom natta.
Dunkle ord flyt gjennom litteraturen.
Det som eg ikkje fekk til
klistrar seg til arka.
Fint dikt June. Takk for at du delte så eg fekk lese det. Eg og tek månelys på alvor. Natt til kvar fullmåne, søv eg svært lite. Reagerer også ved nymåne. Les gjerne mitt einaste blogginnlegg, fra 2011. Det handla om fullmånen.
SvarSlettHjertelena-hjertelighilsenlena.blogspot.com
Slett