Eg veit ikkje kor tid det vart så vanskeleg å skrive her inne, eller kvifor. Men plutseleg var tanken på kven som las; kolleger, vener, folk som av ein eller annan grunn kan knyte andletet mitt til orda som står her og trekke slutningar frå det, noko som vart vanskeleg. Det er kanskje rart at det ikkje kom før, at eg ikkje hadde så mange motførestillingar mot å opne eit rom på internett som kven som helst kunne gå inn i, og legge ganske personlege saker der.
Somme tider kan eg sitje på jobb, eller gå i byen, og byrje og tenke på dét og dét innlegget, som eg skreiv for kanskje fem år sidan, som no ligg der ope for alle sitt blikk dag ut og dag inn, og føle meg så blottlagt som eg kanskje burde gjort då eg publiserte det. Eg hugsar spesielt eitt innlegg eg skreiv, der eg fekk fleire kommentarar på at det var så modig av meg å skrive det, og eg då heva undrande augebryn til dei kommentarane, måtte lese innlegget på nytt for å skjøne kva som var så modig, og forsto det ikkje. Kanskje vart eg litt vel komfortabel med å dele her inne.
Og så er det alt det andre som har skjedd i bloggverda på dei fem-seks åra som har gått sidan eg starta denne bloggen, den som eg aldri trudde andre enn familie og vener ville lese. Dei eg følgde som starta samtidig med meg, og som hadde omtrent same lesarskare og stil, har gjerne skote i vêret popularitetsmessig. Skaffa seg domene og eg veit ikkje kva. Medan mine små lesartal har vorte endå mindre, men så har eg heller ikkje gjort så mykje for å oppnå noko anna. Likevel, ein tanke om at mitt ikkje er vits. At det fins nok av fantastiske og meir oppdaterte bloggar der ute frå folk som har så mykje å kome med.
Men så vil eg ikkje høyre på den stemma, sjølv om den har blitt så sterk. Der fins ei anna ei, som visst er nøydd til å kome ut. Eg veit jo at eg har fått så mykje av å lese andres sine tankar når dei uttrykker noko nært, noko som opnar litt og let ein få gløtte inn. Uansett om det er ein stor eller liten blogg eller kva det måtte vere. Så om dette eg skriblar her inne kan gje noko til nokon, så kan eg ikkje ønske meg noko meir. Og eg veit at eg må halde fram med å uttrykke meg, for sjølv om eg kanskje feilar med både det eine og det andre, så er det noko ekte som kjem ut når det kjem ut, som eg vil vere i kontakt med, alltid, og eg kan ikkje gje frå meg noko anna.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettEiga domene eller ikkje, to eller tusen lesarar, eg blir kanskje gladast når det er du som har skrive noko.
SvarSlettÅ, så utruleg fint sagt. Tusen takk! Kven er du, gode framande?
SlettHihi, gløymte å skrive under. Mvh Eldbjørg, forfattar av rar fjortizblogg :-)
SlettÅåå, Ebbs! Eg kunne ikkje vorte gladare for at det var du! Eg tenkte på deg nokre dagar før du skreiv denne kommentaren, lurer på kvar du er i verda og om det framleis går an å lese tankane dine nokon plass? Om ikkje du har blogg no så kjem eg til å stalke meg til å finne deg på Facebook, så no er du åtvara.
SlettHelsing din største fan
Enkelte daga kan æ gå inn på bloggen din opptil flere gang, bare for å sjekke om du har skreve noe nytt (må være tidenes stalker!). Så det e ingen tvil om at ordan dine gir noe som bare må leses!
SvarSlettTusen takk for gode ord, min favorittstalker <3 Love you!
SlettUnnskyld at jeg har vært så fraværende. Jeg glemmer til stadighet av alle andre blogger enn min egen.
SvarSlettKjenner meg veldig igjen i det du skriver her. Jeg brant meg på dette i år, da jeg fant ut at opptil flere i klassen/på skolen lo av ting jeg skrev uten at jeg visste om det. Men jeg holder frem, og den som måtte lese får bare gjøre det. Jeg lar meg ikke skremme, jeg lar meg ikke stoppe.
Takk for alt håp du sprer, og gode ord du gir.
Klem, Caroline
Du er så utruleg god og til inspirasjon, kjære jenta mi <3 Utruleg sterkt av deg å halde fram.
SlettTakk for at du minner meg på det som er viktig.
Glad i deg!
Jeg skjønner godt de tankene om at alle kan lese alt. Bloggen min var mye mer personlig da den var på blogspot, men plutselig ble jeg så stressa over at alt lå ute, og at hvem som helst kunne finne det, selv om jeg ikke hadde mitt fulle navn der. Likevel setter jeg veldig veldig stor pris på andre blogger som inneholder noen personlige tanker og følelser. Jeg vet ikke om jeg kommer til å gå tilbake til å dele mer, men akkurat nå lar jeg være. Jeg har ikke visst om din blogg så lenge, men jeg liker den veldig godt :) Det er så mange blogger man kommer over, men så er det noen få som man legger ekstra godt merke til, og for meg er din en av disse. Og jeg følger ikke veldig mange fast, kanskje fire-fem andre! Du har et øye for det fine i naturen. Jeg liker bildene dine. Du virker smart og jordnær. Du skriver så fint. Jeg digger at du skriver at du er bevisst naiv, og jeg innbiller meg i hvert fall at det kommer frem i bloggen. Så få ord, som sier så mye.
SvarSlettTusen millionar takk for dei orda, heftig dagbokmateriale, og eg skal gøyme så godt, så godt på dei <3
SlettAng. det å dele: Bra at du følgjer instiktet ditt!
Jeg er ikke alltid like flink til å kommentere, selv om jeg leser. Tror jeg må skjerpe meg for jeg liker bloggen din. :)
SvarSlettTusen takk for at du les!
SlettDu skriv så fint!
SvarSlettTakk! Du med <3
SlettSå glad for at du held fram med bloggen din, June! Det er så godt å lese slike reflekterte, velformulerte og nære ord Frå ein kjær slektning ♡ Føler meg nærare deg etter å ha lese eit innlegg. Sjølv om vi knapt nok treffast i livet, så har du ein spesiell plass i hjertet mitt ♡ Klem fra Lena
SvarSlett