Føremonet ved å jobbe på bibliotek og i bokhandel er at ein stadig oftare ramlar over forfattarskap ein kanskje ikkje ville fått vite om under normale omstende. Eg fann Synne Lea inneklemt i ungdomshylla på Norli ei roleg kveldsvakt, og då var det gjort. Sidan eg alltid spreng-googlar forfattarar eg blir nyforelska i, fann eg straks ut at ho og eg var meant to be. Mellom anna har ho laga diktsamling for barn med Stian Hole som illustratør (ein stor favoritt), og i tillegg har ho framheva Tor Jonsson (som eg skreiv masteroppgåve om) som ei stor inspirasjonskjelde.
Er så glad for at eg alltid klarer å skrive så objektive og distanserte bokmeldingar.
Du får eigentleg berre sjå for deg sjølv:
Åh, vakkert! <3
SvarSlettEg veit!
SlettFor ein nydelig bok! Også liker eg at du spreng-googler, for det gjer eg òg. Spesielt fotografer og kunstnarar. Du har skrive fleire fine kommentarer "inne hos meg" som eg ikkje har takk for, tusen takk gode deg. Det er så fint at nokon ser, tar inn og kjenner noko.
SvarSlettEg har ikkje dine rettskrivingsskills, men helsike altså. …ein nydelig bok! Det må dementerast eller kva det no heiter. :P Eg har null kontroll på sånne og, óg og òg. Kurs meg gjerne. :)
SlettTusen takk, Hege! Eg synest dine rettskrivingsskills er fab. Mine er langt frå perfekte, skal vi tru ein litteraturprofessor på universitetet. Og det må vi jo nesten! Men eg veit i alle fall at aksentteiknet peikar nedover i ordet 'òg', slik!
Slett