Ny dag, ny månad, nytt år = NYTT LIV!
Neidå. Bortsett frå jo. Sidan i år skal bli det året eg bloggar minst ein gong i veka.
There, I said it. No må det gjerast.
Slutt med kreativ tørke og tulletankar. Ingen bryr seg, dude.
Eg kan gjere kva eg vil her inne eller noko!
Bortsett frå å bryte lova og greier, men det toget trur eg allereie er gått. (Må sjekke om eg verkeleg har fått fjerna alle dei googla bileta som det i 2009 var heilt kurant for bloggarar å bruke som illustrasjonar til sine banebrytande tankar; solnedgangar og tulipanar og greier, med linkinga "henta frå google". Such åndsverklov, very kjeldehenvising).
Minst eitt blogginnlegg i veka, altså.
2016 var eit slag i trynet (eventuelt ein moderat øyrefik, på begge sider), men 2017 skal bli fakkins... greitt. (Bra å ikkje kave seg for mykje opp, sikkert. Eg erklærte på jobb i dag at dette kjem til å bli det beste åra i våre liv, men då spurde berre kollegaene mine om eg hadde blitt bipolar i jula).

Godt nyttår June! Då har eg noko å sjå fram til kvar veke. (Feel no pressure). :P
SvarSlettSå fint å se deg tilbake igjen!
SvarSlettHURRA!
SvarSlettGodt nyttår! Er så glad for at bloggen din finnes :)
SvarSlettGodt nyttår June <3
SvarSlettGleder meg til det beste året og eg ser fram til meir skriving fra deg!
2016 var også året du reiste på helgetur til Skottland og opplevde borg og kattekafé, samt mystiske skotske spørsmål som ble tolket på de mest kreative måter. Så jeg vil påstå at vi greide å lage en tilnærmet super avslutning på året. Du var finfin på nyttårsaften også! <3
SvarSlett