Jo eldre eg blir, jo sjeldnare kjem eg meg heim til heimbygda. Det er visst berre sånn det har blitt. Og det blir så konkretisert når eg skvett til av å høyre mi eiga dialekt på båten, som då eg tok meg ein tur i oktober. Kjensla av å ikkje vere heilt heime i meg sjølv, som eg har bore rundt på ei stund no, blir så ekstra tydeleg når eg er tilbake dit eg kjenner kvart eit strå, kvar ein fjærestein. Og likevel kan føle meg så framand.
Men så tek eg sykkelen hinnja mor og søker igjen ut mot havgapet, der eg alltid har stått og sett ut mot uoverskueleg hav, drøymt om uoverskueleg framtid. Alltid lukkelegast når det var noko ein ikkje kunne nå, noko ein kunne plassere utanfor seg, langt der framme.
Og så late det bli att der i sanden.
Og det er då eg hugsar at eg er heime.
Dette var nydelig <3
SvarSlett<3
SvarSlettDet ser så fantastisk fint ut, dette stedet ditt!
SvarSlettSå flink å sette ord på det!
SvarSlett