Sider

søndag 23. april 2017

Innji tjukkaste Oslo

Neidå, eg er jo i Vestfold. Men for vestlendingar så er jo alt aust for fjella Oslo.

Her kjem nokre bileter frå siste tida innji Oslo:

Påska vart slutt. Like greitt. 
Men desse fine egga hadde naboen laga.

Ting gror på garden (eg bur på gard! Elleveåringen i meg gjev meg ein massive high five i denne augneblink).

Trur dyra har det ok pluss.

Påfuglen er kanskje to prosent mindre skeptisk til meg og kameraet.

Men hos dyremødrene har eg ikkje sjans, altså. Har prøvd i fleire dagar å få eit skikkeleg bilete av minsten, men ho mor berre trampar, og ser på meg. Med auga sine.

Eg prøvar å skrive.

Så eg går tur i skogen i staden. Eg elskar skogane her. No er dei fulle av kvitveis.

Denne dagen var det skikkeleg mykje vind. Eg høyrer kor det knakar øvst i stammane når eg ser dette biletet. Susinga, korleis dei høge toppane svaia og sleppte inn og skugga for lys. Korleis det plutseleg stråla opp, og skogen opna seg. Ein kan sjå så langt på austlandet, sjølv i skævven.



Blåveis har dei òg.

4 kommentarer:

  1. Hurra! For at du skriv ting som eg får lesa, og for alle dyrekompisane dine!

    SvarSlett
  2. Åååå ... Eg får òg lyst til å bo på gård. Så fint med kvitveisar og dyr og skog og knaking.

    SvarSlett
  3. Så heldig du e som får oppleve våren til gards! Nyt hvert et øyeblikk <3

    SvarSlett