Eg har teke farvel med nabokatten, for godt (med mindre eg tilfeldigvis hamnar i mi gamle gate når eg besøker Bergen. Det kan jo skje).
Eg har pakka ned eit kontor:
Dette biletet ønsker å fortelje ei historie om når kolleger stikk innom kontoret for å spørje om noko, og ein har gløymt at ein ikkje er heime, så ein skiftar ikkje tab på skjermen etter å ha sagt kom inn, og så berre:
Kollega: "Korleis går det, June?"
June: "Det går sjempebra":
Forbaska store bokstavar på Spotify-spelelistenamn.
Men det var ikkje det eg skulle fortelje. Eg skulle fortelje at eg no bur blant blomar og påfuglar som spring vekk når eg kjem, og kyr og geiter og greier som gror i veksthus. Himmelen er høg og lang, og eg er folkeregistrert austlending (say whaaaaat). Midlertidig, altså! Eg veit ikkje om det er eit kort eller langt midlertidig.
Men her kan eg puste friare. Eg har dessutan bytt ut pengar med tid, så no skal det skrivast.
Eg treng så sårt denne våren.
I was so tired then
the music caressed my skin
just like when someone finally holds you and you can give in
this you’ve been avoiding
you think you’ll fall apart but it’s just that new start
just like when someone finally holds you and you can give in
this you’ve been avoiding
you think you’ll fall apart but it’s just that new start
Tekst: Gillian - Ane Brun






Hihi til spillelista, og til at jeg trodde du skrev at blomstene løper bort når du kommer. Tenkte "hvor himla organisk er den gården, hvis blomstene lever så heftig?!"
SvarSlettSpennande med nytt kapittel! Masse lykke til med skriving og livet på gard <3
SvarSlettHaha, bra namn på lista! Og fin song! "you think you’ll fall apart but it’s just that new start" Ha det fint millim blomar og påfuglar, det verkar svært bra.
SvarSlett