Sider

mandag 8. mai 2017

Bløming

Det blømer på garden.


Og nytt liv kjem til. Ei natt overnatta eg i fjøsen saman med ei kvige
som kanskje skulle kalve den natta, kanskje ikkje. 
Rate my setup:
Kalvefødsel-survival-kit: Presenning, madrass, tre pledd, kamera, lesestoff, kraftfôr.

Passande tittel på lektyret, gjekk det opp for meg medan eg låg der.

Men eg fekk ikkje så mykje lesefred, sidan kviga heile tida stod og såg ned 
på meg med dafuq u doin here-blikket sitt.

Eg må ha sovna litt, for plutseleg var kviga ein heilt annan stad i rommet og klovane på han her stakk
 ut av henne. Eg gjekk gjennom alt eg har lært av å sjå sjukehusseriar på fjernsyn (til dømes det å rope PUSH! YOU CAN DO IT! kvart andre sekund) - og tok i eit tak. Det var sjukt kult då han glei ut. Og så har han ein J i panna! (Haters vil seie at det er ein U). Det må vere lagnaden.


Nokre dagar seinare, når han har kome seg litt meir føre.

Her er to andre småttisar som er ganske ok.

Diggar det her kva-vil-du-eigentleg-blikket.

Men her er min number one priority om dagen: eit lam som har vorte avvist av mora si.
Naturen ass. Er jo heilt fucked up.

Eg rundar av med eit bilete av nokre blomar på eit tre:

3 kommentarer:

  1. <3 Måtte lese deler av dette høyt for bachelor-gruppa for jeg flirte sånn :P

    SvarSlett
  2. Detta blei æ sikkelig glad av å lese <3 Elske halmsenga de i fjøse!

    SvarSlett
  3. Wow, gratulerer med fødsel! :D Det må ha vore kult!

    SvarSlett