Sider

søndag 14. mai 2017

Éin månad her

Og allereie er alt annleis. Livet i Bergen med full jobb og daglege vandringar over Torgalmenningen til og frå jobb, til og frå dans, til og frå yoga, til og frå, verkar så fjernt. Eg sit her i mi vesle stove og ser ut på alt eg drøymde om: trer som blømer, grønt grønt grønt. Kyr med nasa i graset, med langsame rørsler.

Men mai på gard er travelt. Då eg kom hit var det påske, og dagane var latare. Med brettspel og lange pausar. No er det så mykje å gjere. Grøne dagar renn vekk.  

Bonden peika på blodbøketreet på tunet ein dag og sa: «Akkurat nå blomstrer det og er finest. I dag og i morgen, og så ikke mer. Du får ta et bilde av det».

Det verkar som om uansett kvar eg er så er våren noko eg aldri får heilt tak på. Alle vårane i Bergen som vart etne opp av eksamen. Ikkje visste eg at det var livet. Neidå, eg visste det. 

Kvart år berre kjem våren, og det er som å kunne puste ut igjen etter eit halvt år. April blir plutseleg mai, og eg tenker at eg snart skal setje meg ned i graset med ein iskaffi og berre lukte på alt. Sove ute om natta. Skal berre ordne nokre greier først, tek ikkje lang tid. Men då har det allereie blitt sommar.

Våren er så skjør. Eg har endå ikkje funne ut korleis best take vare på han. Men eg er her, på staden eg drøymde om, som no har blitt fylt av kvardagar – og det er greitt. Alt endrar seg ikkje på magisk vis berre fordi ein flyttar på seg. Det visste eg jo.

Men alt eg hadde tenkt å gjere har hopa seg opp i meg. Kan ein ta med seg draumane ein hadde for ein stad til ein annan? Kan eg losne dei frå gatene i Bergen, brusteinane og trehusa i Sandviken i smale smau, dei rosa trea i mai som eg aldri hugsar kva heiter, sjølv etter åtte vårar i byen? 

Vonleg.

 
 Frå En sommer med Montaigne av Antoine Compagnon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar