Sider

søndag 30. juli 2017

28

Det er da en begynner å få lyst på barn, seier ein av gjestane på gardsbesøk, eg hugsar ikkje om det var mannen eller dama. Men eg svarte at eg framleis berre har lyst på ein kattunge.

Eg vaknar opp til ein ny dag på garden, her eg bur og jobbar, på austlandet, her eg bur, det er så rart at det ikkje er meir rart. Men eg berre flyt med, det er ei ny evne eg har fått. Veit ikkje om det er bra eller dårleg at eg har blitt så god på det, får gjort så lite av det eg hadde tenkt, men tilsvarande mykje av det eg ikkje hadde tenkt, og eg likar erfaringane det bringer med seg. Eg vaknar tjueåtte år, og menneska som både utgjer familie nummer to og arbeidsplass har mekka meg ei marengs-ku, den gjer meg så lukkeleg. Eg feirar dagen i Oslo med fine folk, ei av dei kan eg kalle besteveninne, ein annan kan eg kalle kjærast (for første gong. Alle dei åra med å sjå føre seg ting, alle dei åra dei sa når du minst ventar det, og så når det skjer, når livet tek ein over i noko anna, dette andre, den andre, er det med største lettheit, at orda fell, i bilen på veg heim frå XXL etter å ha kjøpt gummibåt på tilbod).


Tidlegare i veka tok han meg med til Hvasser der vi fegg nokre svaberg heilt for oss sjølve. Vi stupte frå svaberget, vatnet var ikkje kaldt. Eg må passe meg så eg ikkje blir for godt van med havtemperaturane her, at eg ikkje venner meg av med vestlandets kalde havstraumar, som flyt i årene mine. For eg skal vel tilbake?

Kvar er vegane ein hadde staka ut? Alt er så lett å endre på.
Men kven er ein dersom ein går ein heilt annan stad?

11 kommentarer:

  1. Fine, gode deg! Er så glad på dine vegne, er så glad for at du har medvind i segla dine. Du kjenner alt så sterkt og då er det så modig av deg å flyte med. Nyt, pust og nyt endå meir. Og dei dagane du opplever litt motvind, så snu litt inni deg og kjenn etter kvar medvinden kjem i frå og tillat deg å flyte vidare.

    Og så kjærast då. ❤️

    SvarSlett
  2. Å, tidenes kommentar, Hege! Tusen takk <3

    SvarSlett
  3. Jeg får det så utrolig godt inni meg av å lese bloggen din. Den er bare så god. Småterapi i hverdagen, rett og slett.

    Gratulerer så mye med kjæreste! <3

    Og du, da jeg så bildet av kua på Facebook trodde jeg først det var ei kuruke de hadde laget til deg. Heh!

    SvarSlett
    Svar
    1. Å, tusen takk, Line!

      Haha, ded :D

      Slett
  4. Flott ku! Rett og slett flott.

    Tenker at det skulle bare mangle at du lot deg flyte med strømmen. Veldig undervurdert aktivitet. Også skikkelig hyggelig å høre at du har det bra og at noen har det bra sammen med deg (ikke overraskende, altså).

    Meneeeh, skal du være på Østlandet i høst...? Sånn nærmere bestemt i oktober? Hvis ja, vil du gå på date med meg? Ikke for å gjøre noen sjalu, altså. (Eller, du kan godt bruke det for å gjøre noen sjalu, hvis du trenger det, det er helt greit, men ikke pålagt.)(Det er heller ikke obligatorisk å si ja til date.)

    SvarSlett
    Svar
    1. Å, så kjekt at du spør! (be cool, June, be cool). Eg vil heilt definitivt vere med på date i oktober! Med mindre greier går til helvete, så er eg framleis austpå då. Vonar du ikkje kjem til å tenke at eg er finare på bileter enn i verkelegheita (eg har jo aldri lagt ut filmar), men i tilfelle det skulle skje så kan eg berre åtvare deg her og no om at eg er tredimensjonal.

      Og ang. Instagram: jobbar med saka! (Trur eg)

      Takk elles for hugsame ord!

      Slett
    2. Bilder viser ikke en femtedel av hvor fin du er engang. Så ingen har noe å frykte. Her blir det bare positive overraskelser.

      Slett
  5. Nyt livet, det e akkurat nu! Du fortjene alt godt du oppleve <3

    SvarSlett
  6. Å, ble så glad av å lese dette! Hurra for deg og for at bloggen din finnes!

    SvarSlett