Tok ein spontantur til heimbygda med min kjære og far hans, som trong ein ferie. Og eg trong å vere heime på vestlandet litt. Vi bur i mommahuset; søv lenge om morgonen, har lengre frukostar, les, fiskar, spelar spel med broderen, tyt med mamma. Eg syner fram øya mi. Det er så rart å smelte saman to verdenar som har vore åtskilde. Men det skjer så naturleg. Det er fint å sjå hans og mine finne tonen, og dessutan fint å sjå bygda mi gjennom to par nye auger.
Eg brukar alltid nokre dagar på å venne meg til å vere her att, omstille meg. Alt her er så lada, med minne og andre ting å henge seg fast i. Men denne gongen tok det berre éin dag å finne den gode rytmen.
Far hans, bonden, sit på tunet og ser på hegra når eg står opp. Den flyr så lavt, vingene er nesten helt nede i vannet, seier han. Ein liten sommarfugl stryk over blomebedet til Momma, og min kjære drikk iskaffi frå koppen hennar, den ho fekk av meg. Ho kjennest like nær som om ho skulle vore tilstades. Eg er så glad for å kunne vere her og puste liv i huset hennar.
Du maler et utrolig stemningsbilde. Føler at jeg er der selv.
SvarSlett<3
SvarSlett