Det er alltid på denne tida, når det kjølige draget i lufta kjem om kvelden, og duggen i graset på morgonen er litt ekstra kaldt, at eg skjønar at dagane med sola høgt på himmelen, over strand og sjø, brennande i nakken på sykkeltur i shorts, er over. Og det er like vemodig kvar gong, kvart år.
Men eg kan i alle fall tenke tilbake på denne sommaren som den sommaren då eg flytta vekk frå alt, og - på feil side av fjella og greier - fekk årna meg både gummibåt og kjærast, i tillegg til at eg endeleg fekk reist til Lofoten. Dermed fekk eg kryssa av heile tre ting på bøttelista på ein og same sommar. Det er ikkje verst berre dét.
No må eg berre få nakenbada litt, så kan eg krysse ut ein ting til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar