Sider

mandag 21. august 2017

Nokre bileter frå heime


Du sa ikke at det var kuer her, sa bonden då vi gjekk opp mot huset og høyrde rauting frå fjella. 
Det såg ut som den kyra skulle rulle ned fjellsida kvart augeblikk, men det heile er jo berre en optisk illusjon.

Og vi kosa oss likevel.

Sauar var der òg. Dessutan engelen i glas, som eg laga til Momma då eg gjekk på folkehøgskule.
Ho pleidde seie hang der og passa på henne. No passa han på oss.

Det gjorde hegra òg, som var uvanleg nærgåande. Ho langa ut over vegen, og slentra rundt i fjæra.
Alltid vore så glad i hegra, for ho minner meg om stillheita hos Momma.


Fisketur fekk vi til, veit du.

Broderen var der òg.

Til og med sola titta fram, så vi fekk sitje på tunet og lese, og strekke sommarkjensla litt lenger.

Så var det jo obligatorisk skryteframvising av Grotlesanden til dei to austlendingane.

Trur nok eg hadde litt rett i mi frykt for å bli for godt van med badetemperaturane på austlandet, 
for det vatnet som eg har bada i kvar sommar fram til midten av tjueåra, er ikkje varmt, ass.

Min kjære var mest oppteken av livet i fjæra.


Han ville støtt vise meg krepsar og minikrabbar, som om eg ikkje hadde vakse opp med å studere slike krek. 
Eg klarte berre å vise den same lunka entusiasmen som han gjer kvar gong eg vil syne han 
revolusjonerande saker som gjeld kalvane eller lamma.

Men havet, altså.

Trur ikkje bonden syntest det var så verst heller.


Dei finaste blomane eg veit, på den finaste staden eg veit.

Brøya pledd på mannfolket og fekk han til å strikke litt i sofaen, for det trur eg Momma hadde likt.

1 kommentar:

  1. Du beskriv så vakkert <3 Så mange fine bilda, ser ut til at du har tatt dem med på tidenes ferietur!

    SvarSlett