Sider

tirsdag 19. september 2017

Noko om at det har blitt haust og at det er fine fargar men eg er eigentleg litt trøtt

Det er haust på garden. Og det er fint. Knaset i lauvet når ein vassar over plenen, og korleis kattungane matchar fargane ute. Leiken deira, og oppdaginga av verda utanfor låven. Høner, påfuglar, ender - kor enorme dei må ha sett ut der dei kom vaglande i flokk for å inspisere dei to nyaste tilskota på tunet.

Det er så mykje liv å glede seg over på ein gard. Så er ein ofte for nedlessa i alt som må gjerast til å sjå det. Lauvet regnar som snø utanfor kontorvindauget. Stoppar eg ikkje opp, blir det bert på trea før eg får sukk for meg, før den nakne kjensla av å bli snurpa inn i ein mørk, kald sekk, kjem.

Soppturar med bae hjelp, og stille stunder under tuntreet. I dag tok eg fram speilrefleksen for å fange, det er altfor lenge sidan sist.




Min kjære fann ein fugl som hadde krasja i eit vindauge, og omsorga han synte for den gjorde meg heilt røyrd. RØYRD!
Kanina på ei av sine mange vandringar på feil side av buret, noko ho har ein hang til.

Ein hane (?) (høne?) i ei frekk posering.



2 kommentarer:

  1. Haha bilde nummer 2! Når skal han slippe sitt neste soloalbum?

    SvarSlett
  2. å kattungar og dyr og haustfarga tre <3

    SvarSlett