Sider

mandag 2. oktober 2017

Mellomrom

Eg er i Bergen. På besøk. Det er ikkje rart eller vemodig. Eg går forbi den siste leilegheita der eg budde, det står ei anna jente sitt namn på postkassa, eit namn som liknar mitt. Eg lurer på kvar ho har valt å plassere bokhylla si (om ho har ei) og om ho har plantar i glaset ut mot bakgården. Om ho har fått vekk merkene i taket etter stjernene eg hadde klistra der.

Det er ein ganske rar ting å bu så mange stader i løpet av livet. Flytte rundt på heimar, setje merker i andre sine hus. Vere der ei lita eller lengre stund, henge minne opp på veggane, klistre kvardagar og merkedagar fast mellom tak og golv, invitere folk inn, sleppe dei ut, låse seg inn og ut, fylle opp med stadig fleire ting, og til slutt ta ned alt, legge i merka øskjer, og fare.

Tinga mine står framleis i dei same øskjene eg teipa att i mars. Står i den same boda som eg fekk låne av ei god veninne på ubestemt tid (tusen takk). Eg må nok ta stilling til dei snart. Finne ut på kva side av fjella dei skal vere. Tre ut av eit sårt tiltrengt mellomrom eg laga meg i tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar