Ein av desse haustmorgonane med glitter i graset og det der lyset som får deg til å finne fram kameraet sjølv om klokka er åtte og du frys ræva av deg
 |
| Eg elskar å jobbe på ein gard, ha ein arbeidsplass som endrar seg med årstidene. Følgje alt som veks og visnar, modnast og døyr. Flytte kontoret ut på tunet på solrike dagar, springe over gardsplassen i regnet for å snike meg til litt katte- og sauekos mellom faktureringar og e-postar. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar