Sider

søndag 12. november 2017

For å skrive

Eg skjønar ikkje kvifor det skal vere så vanskeleg å gjere noko som gjev meg så mykje. Noko som er det beste i verda når eg først set meg ned med det, og eg kjenner det sit.

Skrivinga, altså. Igjen.


Kanskje fordi eg har tileigna det for mykje tyding. Eller tek det/meg for høgtidleg, som typen sa. "Bare gjør det". Det er faktisk det beste rådet. Berre setje seg ned og starte, før ein har fått knytt så mange kjensler og vurderingar til det. Det er ikkje så farleg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar