Kattane rullar seg i snøen slik dei har rulla seg i graset, endene slurpar i seg snø slik dei har slurpa i seg pyttar; løftar halsen, legg hovudet bak og lagar den klukkande, smattande lyden. Kyrne bles frostrøyk, kalvane er fluffy i pelsen, og så store no. Eg kan framleis kjenne i hendene dei våte, glatte kroppane slik dei var då dei glei ut av mora, dei mjuke klovane som no har vorte harde. Det er ikkje lenge sidan, det går så fort, blir så synleg når eg ser på alt det levande som veks, pressar seg ut og opp, og så fell til jorda. Then repeat.
Men eg må berre få sagt at eg blir heilt vill og gal av lyset som følgjer med dette vinter-eventyrlandet vi fekk tidlegare i veka. Og den krame snøen under føtene. Kram kram kram, for kvart steg. Elskar den lyden.
![]() |
| Og i dag har eg vore saman med min kjære i fem månader. |














Hurra for 5! 5 måneder for dere og 5 år for oss! <3 <3
SvarSlettNydeleg, nydeleg. Snøen og lyset og dyra og bileta.
SvarSlettGratulerer med 5 mnd!