Sider

fredag 1. desember 2017

#1

Sidan eg ligg bakpå med fjordårets nyttårsforsett om eit blogginnlegg i veka (men ikkje mykje bakpå, yay me), tenkte eg no eg skulle smelle til med ein slags julekalender som ikkje eigentleg er ein julekalender, for den handlar berre om at eg skal skrive eit blogginnlegg kvar dag fram til jul. Som ikkje skal handle om noko spesielt, berre vere den vanlege greia. Tanken er at det skal booste kreativiteten litt, då. Og kanskje kan det minne meg på at eg faktisk har gjennomføringsevne (om eg då faktisk har det).


No ombestemte eg meg litt angåande at det ikkje skal vere nokon julekalender. For kom på at eg i fjor ville lage ein her inne med eit slags lite førjulsdikt kvar dag. Men då var eg for sliten og lei.

No skal det diktast, far. Og mor.
Stor poesi, det er det som skal skje her.


1. desember

 Det som før var julegåver
heiter no kalendergåver
Kva skal ein då
få til jul
Ein Ferrari? 


Takk for meg. Snakkast i morgon.
(Håpar eg).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar