I desse dagar er det eitt år sidan eg pakka ned ni år i Bergen i ei bod, tok med to sekkar, ein liten og ein stor, ein koffert og sette meg på toget med ein einvegsbillett austover. Det er noko av det luraste eg har gjort.
Vår
 |
| Eg budde i ei brakke. Jobba på garden for kost og losji. Skreiv, mykje
mindre enn eg hadde tenkt, men eg skreiv. Eg overnatta i fjøsen, tok imot kalv. Gledde meg så veldig over dyra. Let eit flaskelam lokke fram heile kjensleregisteret. Gjekk turar i skogen, prøvde å
finne fotfestet att på ein ny stad. Gjekk inn nye stiar på gamle stiar,
for å navigere fram nye rom å tenke i. |
Sommar
 |
| Eit par hender som eg så lenge hadde beundra i det stille, vart mine til å halde. Snikete skogsturar, kyss til sola forsvann og vi fekk alvorlege forklaringsproblem for alle myggstikka. Ei lita veke etterpå køyrde vi gjennom landet i retning Lofoten saman med brørne hans og kjærasten til den eine. Den uverkelege naturen og det uverkelege i at eg fekk han, sette meg i ein nummen tilstand. Det er litt vemodig å tenke på at den første tida saman var mykje prega av denne kjensla. Men det tek tid å bli to, i alle fall når ein har brukt så mykje tid på å vere éin. Det var så mykje vi skulle lære. |
Haust
 |
| Vi lærte. Gjennom å prøve og feile, såre og tilgje, legge godviljen til, sitje stille i båten, få vind i segla, halde blikka til kvarandre, halde hender i søvne, opne oss meir og meir mot kvarandre. Eg flytte frå brakka, som var lite eigna for to, kan du seie, inn til
tilbygget til huset til foreldra hans. Det var ikkje noko big deal å bli
sambuarar, det var berre ei naturleg framhalding av noko som allereie var. Vi budde jo på same gard uansett. Hausten var gode dagar
med altfor mange seriar, kattebesøk, fyr i peisen og fire dyner for å
halde kulda frå å overmanne oss. Han byrja på eit nytt studium. Eg byrja
å arbeidde nesten fulltid på garden. Hausten var å lære kvarandre å
kjenne i det kvardagslege, og så full av godheit. |
Vinter
 |
| Kulda, den låge sola. Fryse så veldig, men varme kvarandre. "Blir bare mer og mer glad i deg". Det er ikkje alltid det startar så enkelt, eller tradisjonelt. Likevel har det heile vegen vore noko så naturleg i det, så lett, at det blei oss. At det held fram med å vere oss. Han har lært meg så mykje. Dette året har lært meg så mykje. Lærte meg at eg kan kjærleik. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar