Det har vore ein fin, men lang, vinter. Aldri har eg sett så mykje snø ligge så lenge, aldri har eg frose så mykje, eller vore så glad for å sjå att dei stygg-gule, snøfrie vintermarkene på vestlandet då eg var på besøk i påska. Aldri har eg trudd eg kunne bli lei av denne typen snølandskap, som eg i mitt førre liv som vestlending trudde eg ønska meg.
Men bileta vart bra, då.
(For all del - det er nydeleg. Eg er berre veldig klar for vår no, grave ut sykkelen frå ein snøhaug borti her og setje av garde ned bakkane).

















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar