Well well, if it isn't verdas minst oppdaterte blogg! Jaja, her får du bileter av nokre kyr:
 |
| Eg elskar å henge med kyrne på beite - har seriøst lyst å leve livet mitt saman med dei. Ein dag skal eg ta med fitnessballen som ligg og sleng på garden og lære dei å springe etter ball slik som den kua som har gått sin sigersgang på Facebook. Det kjem til å fikse ALT for meg. |
 |
| Eg var moglegvis jordmor for denne kalven, men det kan også hende at dette er reinspikka lyging og at det var nokon andre. |
 |
| Ein dag tok min kjære meg med til Tjøme for å vekke oss opp av kvardagsapatien samt stille min kyst-abstinens, og det var rett så koseleg. Vi tok med stormkjøkenet eg fekk av han til bursdagen i fjor, som framleis var i øskja det kom i, og fyrte opp nokre veggispølser. Sjokoladekaffi var der òg. |
 |
| Eg kan høyre dette biletet. |
 |
| ... Og inkje blogginnlegg er komplett utan Bjørnhild - the love of my life / apple of my eye / khaleesi. |
 |
| Ho er jo ei jævla legende. |
Stay tuned for meir eller mindre matnyttige innlegg.
Bjørnhild må også få diplom for «Verdas beste ‘Resting Bitch Face’» 😂
SvarSlettHaha, ja!
Slett