Men eg gløymer alt det fine. At vi har ein mykje betre isolert bupel enn i fjor. At eg faktisk jobbar på ein besøksgard som køyrer hardcore julestemning heile desember (graut dagleg, fjøsnisse, hest og slede). Turar på spark. Lyset. Knirkinga under føtene, frostrøyk. Sjå ut på den hemmelege skogen, kvitkledd og magisk. Fyre i vedomnen, sitje i gyngestolen med Bjørnhild i fanget og ein kopp sjokoladekaffi. Strikke julegåver. Drøyme om våren. Om alt som skal bli.
Og kven veit, kanskje blir dette vinteren der eg kjøper mine første ski. Det er jo kanskje på tide, for ei kvinne på min alder. Sjølv om eg blei spurt om å syne leg på Kacey Musgraves-konsert her om dagen Lurer på kva vakten, kanskje ti år yngre enn meg, tenkte då han såg at eg faktisk er fødd på åttitalet.
Tittel: Frå "Vinterdag" av Olav H. Hauge



Det er en overgang, ja. Samtidig virker det som at du har en del å glede deg over også! Jeg er litt misunnelig på jobben din i desember, det må jo virkelig lage verdens beste julestemning?
SvarSlett