Sider

søndag 17. januar 2010

Frisk som faen

Eg vakna opp i dag og kjende meg i tipp topp stand, og lurer på kva søren det var som skjedde i går. Jaja, life goes on.

Det er heilt utruleg kor dårleg eg taklar å vere fysisk sjuk. Eg hatar når kroppen plutseleg ikkje vil vere med lenger, når kvalmen bølgjar frå mage til svelg, og kjensla av å vere ein inntørka tomat, som følgje av nærings- og væskemangel. Når alle planar for dagen må innstillast, og det usikre i kor lenge det vil vare denne gongen.

Eit utval av gårsdagen sine tankar (ver så god og døm meg nord og ned etter å ha lese dette):
- Tenk om eg ikkje kjem meg på jobbintervju, slik at eg ikkje får tene pengar, slik at eg blir dødsfattig, slik at eg blir miserabel, slik at eg aldri får jobb!
- Tenk om det er alvorleg! - Tenk om eg ikkje klarer å henge med frå skulestart, før eg til slutt dett heilt av, og må slutte på skulen, og flytte heim, og bli sprø, og...
- Tenk om eg har ORM i magen!
- Tenk om ORMEN LANGE et meg opp innvendig, slik at eg rasar ned i vekt, slik at alt går utforbakke igjen!


Jau.


... Ikkje så reint få tankar - på den fornuftige sida av skalaen, om ein kan kalle det dét - gjekk òg til ei som verkeleg har sjukdom å klage over. Herregud så heldig eg er.

6 kommentarer:

  1. Enda godt du har humoren og selvironien i behold! Da vet du at fysisk sjukdom lett fører til psykens dramaqueen-modus ;) Også er alt bedre dagen etter ;) Og man kan jo alltids se på det positive: mer sykdom fører til mer sengeligging som igjen fører til mer tid til å lese! Passer seg godt på et litteraturstudie det! ;)

    SvarSlett
  2. Eg tykkjer du skriv vakker nynorsk! Tykkjer òg at det er fint at du er frisk, for då sjåast me att i morgon!:):)

    SvarSlett
  3. Anke: Takkfordet! Ja, det blir som regel bra igjen, og mykje fortare enn ein trur. Tanken er eit mykje vidare spelerom enn realiteten. Heldigvis (?)
    Haha, vi får håpe du, eg, Runa, Gjertrud, Jenny og heile bunchen blir sengeliggande denne terminen då, får å få tid til å lese alt på pensumet ;P (Nei fysja, måkje høyre på meg. Troll i ord...) ;)

    Runa: Eg takkar så audmjukt! Vi sjåast og høyrast og talast i morgon den dag ;)

    SvarSlett
  4. Anke: Takkfordet! Ja, det blir som regel bra igjen, og mykje fortare enn ein trur. Tanken er eit mykje vidare spelerom enn realiteten. Heldigvis (?)
    Haha, vi får håpe du, eg, Runa, Gjertrud, Jenny og heile bunchen blir sengeliggande denne terminen då, får å få tid til å lese alt på pensumet ;P (Nei fysja, måkje høyre på meg. Troll i ord...) ;)

    Runa: Eg takkar så audmjukt! Vi sjåast og høyrast og talast i morgon den dag ;)

    SvarSlett
  5. Eg er glad du blei frisk, slik at eg fekk meg ei natt (eh, og ein dag) med deg! <3

    SvarSlett
  6. Høhø, og fleire skal det bli!

    SvarSlett