Sider

torsdag 21. juni 2012

Supernanny

Det er vel no ein må komme med ei obligatorisk unnskyldning for fråvere av innlegg. Så det har eg ikkje tenkt å gjere.

Dagen etter siste eksamen byrja eg i full jobb i barnehage, med full rulle frå halv ni til halv fem kvar dag. Og eg er slik laga at det tek mesteparten av dagskreftene, så resten av dagen ser eg på film eller sløvar i sola, alt etter veiret.

I tillegg var eg nanny for Norah frå torsdag til mandag, saman med mamma. Som var kjempekos, men òg travelt. Ein får eit lite innblikk i korleis det er å vere småbarnsmamma. Konklusjon: når ho er overklar for ein ny dag klokka halv seks om morgonen, har ein jo umiddelbart mest lyst til å hoppe utfor ei bru. Men uansett kor trøtt ein blir, er det å dele seng med ein toåring som vekker deg ved å stryke vekk håret ditt og kaste seg om halsen din, noko som veg opp for det meste her i livet.

7 kommentarer:

  1. Herregud. Hun sover faktisk som en kanin. Fint.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. nederste bildet = <3. finfint

    SvarSlett
  4. Kaninsoving! Søtaste eg har sett.

    SvarSlett
  5. Herlige bilder. Og det siste gjorde meg heilt blaut. Finare enn finast. :)

    SvarSlett